Personvernerklæring
1. Om Sørheim Fjordpanorama
Eigar av denne nettsida er: Sørheim Fjordpanorama (Fjord Wilderness AS). Org.nr: 921 861 702
Epost: postsorheim@gmail.com
2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar
I samband med kontaktskjema og bestilling må me innhente opplysningar som namn, adresse, e-post, telefonnummer, og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar me utelukkande nyttar for å handtere førespurnaden din og kundeforholdet ditt. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data me har lagra om deg. Sjå elles vilkår i vår bookingløysing.
3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.
4. Informasjonskapslar
Denne nettsida nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at me kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Me brukar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.
5. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Me brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.
Eigar: Vimeo
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.
6. Kontaktskjema
Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar me denne informasjonen i vårt e-postsystem. Denne informasjonen vil me lagre for å kunne yte betre kundeservice. Me etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.
7. Deling
Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
8. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon
Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Sørheim Fjordpanorama på epost: postsorheim@gmail.com. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.
9. Ansvarleg databehandlar
Sørheim Fjordpanorama (Fjord Wilderness AS) er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Me er ansvarlege for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Me etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.
Har du spørsmål, ta kontakt på postsorheim@gmail.com